fredag 17. september 2010
Håvamål
Eddadiktet Håvamål blei skrive på Island på 1200-tallet og er det lengste av alle eddadiktene med sine 164 strofer. Håvamål er også kjent som "den høyes tale" eller "Odins tale", og handlar om guden Odin. Det er eigentlig fleire dikt og diktbruddstykkar, men alt er blitt samla og gitt ein felles tittel.
Håvamål blei sett på som ein lærebok på rett og galt og setter verdiar som klokskap, måtehald, moral, varsemd, mot, vennskap og logisk sans høgt og mange menneske levde etter dette. Det er gudedikt, men viser til den menneskelige livsvisdommen, kva som er god og kva som er dårlig oppførsel.
Det meste av diktet er skrive i ljodahått, dvs. to kortlinjer og ein full-linje. Ofte kan ein merke ein innhaldsmessig motsetning mellom første og andre halvstrofe:
Omveg er jamt
til utrygg ven,
om midt i bygdi han bur.
Men beinvegar gjeng
til den gode venen,
om han er langt av lei
Kildar:
WIKIPEDIA
Bildene er henta frå ASATRU og BANKPLASSEN, og heiter "Odin with His Ravens" og "Berøring"
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Bra jobba Ida! ;) ...et lite tips: "menneske", ikke "menneskjer", så slipper du rødpennen på den.. :P
SvarSlett